Lofoten. i Lofot 1324 [lof2foten] [lo:2fo:t4n] Lofoten [lof2foten] norm. [lo:2fo:t’n] øygruppe og domssokn i Nordl. Prep på, innb. lofoting og lofotværing. «i Lofot» 1324. Opphavleg øynamn, norr. Lófót f, brukt om Vestvågøya. Granneøya Flakstadøya vart kalla Vargfót. Sisteleddet i begge desse namna er fot, norr. fótr, førsteleddet dyrenamna varg og - visstnok - lo ‘gaupe’. Ordet ló i denne tydinga er ikkje kjent frå gno., men frå svensk. Øynamn som ‘gaupe-foten’, ‘varg-foten’ må vera jamføringsnamn, kanskje med utgangspunkt i kystlinene, oppskorne av fjordar og viker. Lofot(en) var i seinmellomalderen sysle, L. og Vesterålen, seinare len/futedømme. Jf. → Ofoten. F. Myrvang har (i NN 1987) drøfta namnet L. og andre namn på -fot(en). Han reknar med at utgangspunktet for slike namn kan ha vore norr. fótr ‘fot’, brukt om elvemunning og området kring han. Har meiner elles at førsteleddet i L. m.a. kan vera gno.→ *ló f.§§§Litt.: F. Myrvang i NN 1987 s. 43-77. E. Vågslid i NoB 1960 s. 25-33. JS ¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Vestvågøy. [væst2vågøya] Vestvågøy [væst2vågøya] øy i Lofoten, komm (frå 1963) i Nordl. Eldre øynamn → Lofoten.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|