Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom Og Eller Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=d2c60a2872e74a83aefe1089107eeb4fSøkingen gav 1 treff Jetta. Vågå. Oppland. [jæ2ta] Jetta [jæ2ta] fjell med TV-sendar på grensa mellom Vågå komm og Dovre komm, Oppl. Namnet er ikkje sikkert tolka, men det ligg nær å tenkje på jette m som vi har i jettegryte, -grop, geologiske formasjonar i fjellet som folk har meint jotnar har laga. Etymologisk heng ordet jette saman med norr. jǫtunn, men er ikkje belagt i det gamle språket. Formelt synest Jetta noko underleg som fjellnamn, ein skulle vente hankjønn. Om namnet primært har golde fjellet eller den tronge Jettdalen med Jettdalsbekken like nordafor, er vanskeleg å seie noko visst om. Jetta er òg namn på ei elv i Ringebu. BH¤ Førsteledd: Sisteledd: