Flora, kommune. Flora. Sogn og Fjordane. [flo:2ra] Prep i, innb. florøværing. Før 1964 var namnet Florø, i dial. [flo:`ra] eller [flo:r`øyna] norm. [flo:`rø] som framleis er namnet på administrasjonssentret i F. Norr. Flóra, gardsnamn som opphavleg kanskje har vore namn på vestluten av Brandsøya (no Florelandet). Til grunn for F. ligg eit eldre *flóðr n ‘straum, gjennomstrøyming’ (eller kanskje *flór med same tyding). Jf. mellomhøgtysk vlúder, vlôder ‘strøyming’ og det nederlandske elvenamnet Vloer. Namnet F. siktar til straumen i det tronge sundet som deler Brandsøya i to. Ei noko anna tolking (etter M. Olsen) har A. Kjær i NG XII s. 357. ON Førsteledd: Sisteledd: *flóðr n ‘straum'
|
Flora, bygdelag. Selbu. Trøndelag. Friol ca. 1430 [fqo:1ra] [fqo:¤2Næsse] Innb. florbygg. «Friol» ca. 1430, nemnd som gard på 1500-talet. I Stjørdal komm, N-Trl, finst gardsnamnet F., «af Frol» ca. 1430. Hit hører også «Frolar skipreida» (gen. ca. 1430) i N-Trl. → Frol. Norr. form for desse er truleg Frjól f. Dette er helst utolka (Vågslid 1958 s. 111-12 reknar med eit norr. *Frjóáll, av norr. frjó n ‘frø’ om småfisk, altså «ein vassål der det er mykje småfisk.»). Både i Selbu og Stjørdalen er namnet knytt til frodige utvidingar av dalføret mellom tronge skogstrekningar. Til F. i Stjørdalen er laga Flornes, bygdelag. Litt.: M. Olsen i NoB 19l6 s. 52-53. ON Førsteledd: Sisteledd:
|