Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom Og Eller Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=fa7505bbf1da49bca4baeb6d0ca3fac0Søkingen gav 1 treff Voss, kommune. Voss. Hordaland. [voss] Prep på, innb. vossing, eldre voss m, vosse f, vesser fleirt. Norr. Vǫrs f. Opphavet til namnet V. er uvisst. Det kan vera eit opphavleg namn på det 10 km lange og 2 km breie Vangsvatnet og beint fram tyde ‘vatnet’, til ei rot < u̯er- ‘vatn’ (→ Verdal. - Eit anna, meir tvilsamt framlegg, har M. Olsen i NG XI s. 527: V. er ei gammal totalsform og tyder ‘dei to høgdene’ (om to åsar i området). Lite rimeleg er A. Joleiks tolking (Joleik 1960 s. 52). Til V. er laga Vossavangen, tettstad, → vang, og Vossestrand [stron´de] norm. [vås`sestrand]. Det siste namnet vart laga i 1865 som namn på eit prestegjeld og var heradnamn 1868-1964. Førsteleddet er Voss og sisteleddet er eigentleg det gamle områdenamnet for soknene Vinje og Uppheim, Strondi, «Strond» 1398, norr. *strǫnd f ‘strand’. Litt.: G. Akselberg i Veg- og gatenamnleksikon for Vossebygdi s. 97-98 (1984). J. Gjerdåker i Gamalt frå Voss 1969 s. 9-11. ON Førsteledd: Sisteledd: til ei rot < u̯er- ‘vatn’?