Innsjønamn

 

Av Ola Stemshaug

 

Ifølgje offisiell statistikk reknar ein med at der er ca. 165 500 innsjøar, vatn og tjørner i Noreg. Dei fleste av desse innsjøane har eit namn, og jamvel om det finst mange sams namn for fleire vatn, som Langtjørnan og Småvatna, Aursjøen, Storvatnet og Gortjønna, blir det likevel ei mengd ulike namn tilbake. Av dei vél 10 000 vass-samlingane i Oppland fylke rekna Gustav Indrebø med at ca. 1300 hadde ulike namn, dvs. eit særskilt namn for kvart åttande vatn. I landssamanheng skulle dette tilseie vél 20 000 ulike innsjønamn. (Til samanlikning kan vi nemne at vi alt i alt har ca. 50 000 gardsnamn.) Dette talet er på mange måtar usikkert, trass i alt er det kanskje mest rimeleg å justere det oppover (kanskje nærare 30000 ulike namn), også for di innsjøar av ulike grunnar stundom har dobbelt namnesett.

     Samanliknar ein innsjønamna våre med elvenamna, fell det straks i augo kor mange fleire grunnord ein brukar ved laging av innsjønamn. Ved elvenamn kan ein greie seg med eit halvt dusin grunnord, til innsjønamn blir det i heile landet brukt mellom 40 og 50 ifølgje Gustav Indrebø. Ved sida av dei meir allmenne grunnorda vatn n, sjø m, tjørn f og dam m, som ein har i dei fleste fylke, finn vi ei mengd med meir avgrensa, til dels reint lokale nemningar, særleg på Austlandet. Slike er t.d. depel m, fjord m, floe m, m, lok m, lon f, poll og pull m, putt og pytt m, pøyte f, stam m. I dialektane har desse orda ofte sterkt avvikande former som i somme tilfelle kan gå tilbake til gammalnorsk, t.d. dei mange variantane av sjø. Nokre av dei mange grunnorda er i tilbakegang som vanlege appellativ eller står endatil i ferd med å døy ut, andre er i framgang. Slik er det når vatn heilt sidan mellomalderen har breidd seg på kostnad av ® sjø. Denne prosessen har gjort at vi har kunna få tautologiske lagingar som Hundsennvatnet, Langesævatnet, Øyangsvatnet.

     Dei fleste grunnorda for innsjø er hankjønn. Det er òg det vanlege for usms. innsjønamn: Asperen, Bolagen, Feren, Grønningen, Krøderen, Lenglingen. Men somme namn er frå gammalt hokjønn, t.d. Benna, Mjøsa, gno. Roznd (no Randsfjorden), Skjellbreia. Her er det mogleg at namna på dei ofte lange og smale norske vatna kan ha vorte påverka av elvenamna som var hokjønn. Men ei slik forklaring held ikkje utan vidare for Skjellbreia, heller ikkje for Broka og Vomma der vi må tru at det er kjønnet for det vanlege appellativet (fellesnamnet) som er direkte overført til innsjønamnet.

     Mange av innsjønamna er avleiingar som Grønningen og Krøderen, men det finst monaleg færre riktig alderdomlege avleiingar enn i elvenamna. Dette tyder på at som gruppe er innsjønamna helst yngre enn elvenamna. Svært vanleg i innsjønamn er ia-avleiing: Bygdin < gno. Bygðir, Lyseren («i Lyyser» 1492) < gno. Lýsir ‘den som har lys botn (eller lyst vatn)’, Tesse < Þessir, Øgderen - i dag vanleg Hemnessjøen - (Høland, Akershus) < *Ygðir. Denne typen er særleg vanleg på Sør-Austlandet. Det finst òg nokre an-avleiingar, som Gålån i Fron (Oppl) og Sålå(n) til *Seli, eit eldre namn på ® Selbusjøen. Ikkje minst ved desse lagingane kan det vera vanskeleg å avgjera om der er eit primærnamn eller eit appellativ som sekundært er teke i bruk som proprium.

     Mange namn har òg ing-, ung- eller ang-suffikset: Kvitingen, Sørungen, Sandungen, Øyangen, -ing og -ung er vanlege avleiingar, medan -ang er eit opphavleg substantiv ® angr m ‘vik, bukt’. Desse avleiingane er mest vanlege på Austlandet og i Trøndelag, -ing vanlegast.

     Sjeldnare er suffiksa -ill og -ull som vi har i nokre klart alderdomlege namn: Sperillen < gno. Sperðill (Busk), Orkelsjøen til eit usms. *Orkill (S-Trl), Forolsjøen til eit usms. *Forull el. *Fozrull (S-Trl). Dessutan er det gamle namnet på ® Snåsavatnet tolka som ei sikker -ull-avleiing (*Kviðull). Den siste typen har vi aust i Trøndelag, og det er eit klart samband med tilsvarande svenske innsjønamn.

     Gamle avleiingar på -k, -d og -l i innsjønamn er få og ofte usikre i Noreg. Vi reknar likevel med at Flakken og Flakkan (fl. stader) kjem av ein stomn *flaðk-, og ® Gjevden (Bærum, Gjøvdal) er tolleg sikkert ei dentalavleiing.

     Som vanleg ved usms. naturnamn kan òg innsjønamna stundom få tillagt grunnord, t.d. vatn, fjord eller tjørn, som forklarande tillegg: Gno. Roznd blir til Randsfjorden. Sjeldnare går ein andre vegen og mistar grunnordet (ellipse): Åborren (S. Land, Oppl) kjem av eit Åborrvatnet.

     Namngjevingsbakgrunnen for innsjønamna er – som ved så mange naturnamngrupper – svært variert. Ofte finn vi at eit elvenamn ligg til grunn for innsjønamnet, t.d. det gamle namnet på Møsvatnet, *Mernir (seinare *Mernisvatn), som er ei avleiing til *Marna, ei eldre form av Måne, elva gjennom Vestfjorddalen. Det er da å merke at det mest alltid er utlaupselva som har vore namngjevingsårsak. Tilsiga var mindre karakteristiske, dei kunne ofte vera fleire og jamstore.

     Svært vanleg er det å karakterisere innsjøane etter form og storleik: Litlvatnet, Myklesjøen (‘Storsjøen’), Småvatna, Mjøvatnet (om det som er smalt), Hornsjøen, Djupsjøen, slik truleg òg ® Bygdin, ® Gjende. Ein variant av desse namna er dei fleste jamføringsnamna: Ausa, Ljåen, Magatjønna, Skjellbreia, Spjøtvatnet, Hjarteessen.

     Ymse naturtilhøve, plante- og dyreliv i og ved innsjøen er ofte namngjevingsgrunn: Leirsjøen og Leirungen hadde leirute strender, ved Gortjønna er det myrlendt og søkkbotn, Sandungen har sandbotn. Ved Grytingen er det storsteinut, og ved Malungen er det småsteinute strender (her er førsteleddet gno. mozl f ‘banke med småstein’). Botn og omgjevnader, bergslag t.d., kan vera årsak til fargekarakteriserande namn som Kvitungen, Surtungen (den svarte), Blåvatnet (til gno. blár adj ‘mørkglinsande, svart’) og Raudtjønna. Ved Askeren veks det ask og ved Bjørkelangen bjørk, og ® Tyrifjorden trur ein beint fram tyder ‘furusjøen’. Posttjørna inneheld plantenamnet pors m (Myrika) i førsteleddet, og det svært vanlege Lintjørna fortel om lindyrking.

     Når innsjønamnet inneheld ord frå faunaen, vil ein i dei aller fleste tilfella tru at namngjevingsårsaka er sjølve rikdommen av den spesielle dyrearten, altså sjeldan ei samanlikning slik som ein ofte kan ha ved elvenamna. Bjorsjoren og Bjørvatnet har fått namn av di det fanst (mykje) bever (bjor) der. Liknande bakgrunn har namn som Haratjønna, Ormtjønna, Otertjønna, Vargvatnet, Øykvatnet. Stundom har fuglar gjeve namn til innsjøane: Måvatnet og Måsvatnet, Gåsvatnet, Ørnvatnet og Lomtjønna (som er særs vanleg).

     Ofte fortel innsjønamna kva slags fisk ein finn der: Aurevatnet, Harrsjøen, Rørtjønna, Ålsjøen. I eldre tider hadde innsjøfisket meir å seie for livberginga enn i dag, og i dei eldste diploma vi har på norrønt mål (frå først på 1200-talet) blir det fortalt om strid om fiskerett (i Tesse, Oppl). Difor fekk ein òg slike karakteriserande namn som Fiskeløysa, vatn der det var tomt for fisk, og Matkista, der det var mykje. Laksvatnet (ofte høgt til fjells) har i førstelekken gno. lag n ‘stad der ein legg noko’ og viser oftast til fiske med garn eller not. Lønfisket < gno. *Leynifiski blir nytta om fleire vatn som ligg noko bortgøymt til på Austlandet.

     Innsjønamna fortel òg om andre kulturforhold, t.d. kontakten bumann - same frå Rørosdistriktet og nordover. Her finn ein namn som Bumannsvatnet, Gamvatnet, Finnbur(s)vatnet, Finnkrutjønna (til kru f ‘inngjerding for krøttera, kvi’). Namn med samisk førsteledd og norsk sisteledd finst òg: Tamokvatnet (til samisk tapmuk ‘aure’, Rostavatnet, truleg av eldre *Rostaelvvatnet (til samisk ruosta ‘rust’ eller ‘kokt, levra blod’, eigentleg nordisk lånord i samisk), båe døma frå Målselv.

     Alderen på dei ymse innsjønamna er sterkt varierande. I svært mange tilfelle har vi samansetningar med gards- eller bruksnamn som Kvammavatnet til garden Kvammen, Vennavatnet til garden Venn. Men ein kan i desse tilfella berre setje ei bakre grense. Som oftast er slike namn frå dei siste hundreåra. Annleis er det når vi finn innsjønamn i sms. med kjende bustadnamnlekkar som t.d. -vin, -heim, -staðir, da vil ein òg få ei fremre grense ved dateringa. Slik kan Skinningsrud (Sør-Aurdal komm, Oppl) vera laga til Skinningen, og Lystad (Spydeberg, Østf) har sikkert opphavet sitt frå Lyseren. Men slike lagingar er - samanlikna med t.d. liknande lagingar til elvenamn - svært få og ofte usikre. Men om difor innsjønamna som gruppe på mange vis har «ungdommelege trekk», så er likevel somme av dei mest alderdomlege lagingane i stadnamna våre representerte ved nokre utgamle og vanskeleg gjennomskodlege innsjønamn: Mjøsa, Mjær, Tyin.

 

Litt.: DSÅ. Hellquist 1903-06. Indrebø 1924 og 1933. Jonsson 1966. D. A. Seip i ANF 1926 s. 241-75. Strandberg 1991. J. Sverdrup i MM 1925 s. 113-31. Venås 1987.