Grunnord

Grunnord Forklaring Kjelde Engelsk definisjon Språk
hovde
hovde m, gno. hǫfði m (gen. og dat. hǫfða) ‘hovde, bergpynt’, avleidd av gno. hǫfuð n ‘hovud’. Vanleg grunnord i fjellnamn over størsteparten av landet, gjerne brukt om framspringande eller frittståande bergknausar, døme: Store- og Vetlehovden i Røldal, Hord, Hesthovd i Lærdal, SogFj, → Hovden i Oppdal, S-Trl. I Gudbrandsdal, Hallingdal og Valdres finst ei form hovde n og f: Rishovda n i Vågå, Eisteinhovda i Lom, begge i Oppl. Ut frå bruken i fjellnamn har hovde også vorte grunnord i mange gardsnamn. Det finst vel 50 gonger usms. Hovde, → Hovden (b. eint.), → Hovdan (b. fleirt.) og elles mykje som første- og sisteledd. Med om lag same tyding finn ein òg brukt hovud n.
Litt.: Beito 1954 s. 225. Ekre 1960 s. 121-22. Namn i fjellet s. 81. NG Indl s. 58. JS
Norsk stadnamnleksikon 1997 norsk