Grunnord

Grunnord Forklaring Kjelde Engelsk definisjon Språk
sjø
NSL:
gno. sjór, sjór, sær m ‘sjø, hav, havstykke’. Målføreformer i dag (forutan sjø) er: sjo (Voss, Hardanger, S-Hord, Lom og Skjåk komm, Oppl), sy (Hegeland), sjå (i stadnamn, Aust-Tel, indre Tel, indre Agd), (i stadnamn, V-Tel, Setesdal), (delar av S-Trl), sjy (Østerdalen, delar av Fosen, Nordmøre og Nord-Noreg).
   Som sisteledd i sms. innsjønamn er grunnordet rådande (i forhold til -vatn) i grensestroka mot Sverige frå Solør til dei indre Trøndelagsbygdene, helst i b. eint. (jfr. innleiingsartikkelen om innsjønamn). På Hedmark og Toten er sjø òg i fleirtal, medan det kjem i mindretal lenger vest (i delar av Valdres og Hallingdal i forma -se, → Finse) og -senn < gno. sær b. eint., i Tel med forma -sjå, -). På Sørlandet og Vestlandet er sjø mest ikkje nytta i innsjønamn, og det same er tilfellet i Nordl og nordetter. Førsteleddet i sms. er svært ymsande.
   Sjøen i b. eint. som sisteledd i namn langs kysten frå Åna-Sira til N-Noreg tyder ‘landingsplass, båtstø’ og har som førsteledd oftast eit gardsnamn, → Sandnessjøen. Som sisteledd i namn på havstykke langs kysten, særleg innlaup frå havet gjennom skjergarden, er ikkje sjø mykje nytta, men i gno. fanst Harðsær (Krossfjorden), Sognsær (Sognesjøen) og Strindsær (Strindfjorden); frå gno. tid er også truleg → Namsen (jfr. -senn ovafor; gno. *Naumusær). Gardsnamn med s. som sisteledd har oftast eit anna gardsnamn som førsteledd, eller dei kan vera opphavlege innsjønamn; i siste tilfellet vil dei da ikkje sjeldan ha ein uttale -[še].
   Som førsteledd i sms. er grunnordet langt mindre nytta. Lokalitetar ved innsjøstrender og langs kysten kan ha sjø som førsteledd og ein del gardsnamn (ca. 60) har varierande former av s.: Sjo-, Sjoar- (Hord) og Sjø-, Sjør-, Sju(r)- er lite nytta (→ Sjøvegan), medan - (→ Sæbø, → Seim, → Sem), Sæv-, Sævar- (→ Sævareid) finst langt oftare, ofte i sms. med gamle sisteledd.
   Grunnordet finst svært sjeldan som usms. namn; det er no nesten støtt gardsnamn: Sjo (Hord 1 g.) ub. eint., (Hord, 2 g.) ub. eint. Sjøen (innsjø i Oppl) og Sjue < Sjóvar fleirt. (Vestf, 4 g.).
   Namna som er laga med sjø har varierande alder, men mange av dei går attende til gno. tid, og ein del kan nok vere 12-1400 år gamle, t.d. Sæ-heimr og Sæ-bær, -býr.
Litt.: Hovda 1961 s. 35-39. Indrebø 1924 s. 226-29. H. Magerøy i MM 1955 s. 100-03. Rygh 1896 s. 67-68, same i NG Indl s. 81. Ei framstilling for heile Norden finst i KLNM XV sp. 335-42. ON
 
NG:
gno. sær m. (Gen. sævar), også i Formen sjár, sjór (Gen. sjávar, sjóvar) ’Sø’, brugt både om Havet og om Indsøer. Sjelden som Navn usms., men ofte i sms. Navne, især som første Led, meget forskjellig udtalt i Nutiden. En særegen Anvendelse har det i de vestlige og nordlige Kystegne, især i Nordland, hvor Sjøen, føiet som andet Led til en Gårds Navn, betegner Gårdens Landingsplads nede ved Søen (f. Ex. det bekjendte  Dampskibsanløbssted Sandnessjøen på Helgeland). Navne, dannede af dette Ord, ere hyppigt i senere Tid misopfattede og som Følge deraf feilagtigt skrevne; særlig kan bemærkes, at Sjør-, af Genitiven Sjóvar, ofte skrives Skjør-, og at sær som andet Led af og til er blevet forvexlet med sel og setr.
 
Norsk stadnamnleksikon 1997/ Norske Gaardnavne Indl lake, sea norsk