Grunnord

Grunnord Forklaring Kjelde Engelsk definisjon Språk
angr
*angr m. (gen. angrs, dat. angri) er den gno. forma for eit appellativ som er heimla berre i stadnamn. Tydingsinnhaldet er omstridd. Somme meiner at etymologisk høyrer *angr til gno. ǫngr adj ‘trong’ og angr m ‘anger, sorg, harm’, og at opphavleg tyding er ‘trong bukt, arm av sjøen’ og stundom ‘(trongt) sund’. Dei fleste andre granskarar reknar med at *angr heng etymologisk i hop med gno. eng f ‘eng, grasmark’, gno. ǫngull m ‘ongel’ (opphavleg ‘noko bøygt’). Indoeuropeisk rot for dei sistnemnde orda er *ank- ‘bøye’, og *angr i fjordnamn skal ha tydd ‘bukt, havarm’. Usms. finst Angr som fjordnamn i gno. minst tre stader: I Sande komm, Vestf, i Granvin komm, Hord og i Sande komm, MogR; desse namna er no borte. Enno lever Angen som gardsnamn i Osen komm, S-Trl. Som førsteledd i stadnamn finst *angr fleire stader, sjå Indrebø (1924 s. 247), Holm (1991 s. 645 ff.).
   Det er som andreledd i sms. opphavlege fjordnamn at *angr er mest nytta. O. Rygh har funne 77 namn av dette slaget. I vår tid er mange av desse (særleg i Sør-Noreg) gått over til bygde- eller gardsnamn. Jamfør gardsnamna Fjøsanger, Hallanger, Malmanger; bygdenamna Geiranger, Mauranger, Samnanger og bynamnet Stavanger. Den geografiske fordelinga er: På strekninga AkershV-Agd finst 11 namn, Rog MogR 41 namn (av dei 19 i Hord), Trøndelag 9, Nordl 8, Troms 6 og Finnm 2. Det rår semje om alderen til *angr-lagingane. Stort sett tykkjest dei høyre til halvtusenåret før vikingtida. Som appellativ har *angr dei fleste stader døydd ut tidleg på 800-talet eller noko før.
   Dei fleste *angr-namna har relativt gjennomsiktige førsteledd: Bremanger (brim n), Eidanger, Leiranger, Porsanger (pors n), Sandanger, Stavanger (stav m), Varanger (vær n ‘fangstplass’). Vanlegvis fortel førsteleddet om naturtilhøve ved eller i fjorden: Bremanger, Leiranger, Malmanger, Porsanger, Sandanger eller om forma på fjorden: Langangen, Mjanger (vel gno. mjór adj ‘smal’) og Noranger (gno. nór n ‘trongt farvatn, sund’).
   Også i mellom 30 og 40 innsjønamn finst *angr som andreledd. Utanom Austlandet ligg *angr-sjøane (særleg på Sør- og Sørvestlandet) nær sjøen og lågt over havyta. Dei austlandske innsjønamna på -angen (t.d. Øyangen mange stader) synest vera yngre, og tilhøvet til det gamle *angr er noko uklårt. I Sverige er *angr kjent som sisteledd i 15-16 stadnamn, mesteparten på Norrlands-kysten.
Litt.: Ø. Frøysadal i NN 1992/93 s. 31-55. B. Helleland i MM 1992 s. 185-98. G. Holm 1991. P. Hovda i MM 1955 s. 124-32. Indrebø 1924 s. 245-50. O. Nes i NN 1992/93 s. 99-107. Rygh 1896 s. 68-78. ON
 
Sjå òg
 
Norsk stadnamnleksikon 1997 norsk