Grunnord

Grunnord Forklaring Kjelde Engelsk definisjon Språk
bu 1
NSL:
bu n, gno. n ‘gard, bustad, eigedom’. Finst som sisteledd i 18-20 bygdenamn (somme av dei bortkomne no) og i over 100 gardsnamn, berre nokre få gonger usms. som gardsnamn (Bu). Utan eldre skriftformer svært vanskeleg å skilje frå bu f → bu 2. Gardsnamna på -bu n finst særleg på Aust- og Sørlandet og i Trøndelag. Dei er ofte sms. med personnamn til førsteledd, men da ikkje med kristne. Saman med lægje og storleik tyder dette på at dei fleste gardane på -bu n går tilbake til førkristen tid, men dei hører helst ikkje til det aller eldste lag i gardsbusetnaden.
   Bygdenamn på bu finst nesten berre på Opplanda og i Trøndelag, t.d. Brandbu, Ringebu, Follebu, Rennebu, Klæbu, Selbu, Sparbu og fleire bortkomne. For seg sjølv geografisk står Andebu i Vestfold. Førsteleddet i desse namna står til vanleg i gen. fleirt. gno. Brandabú, Kleppabú osv. Sisteleddet -er kanskje òg fleirt., slik at tydinga av eit namn som Viðabú blir ‘gardane i skogen’. Om desse bygdenamna viser tilbake til ei førkristen bu-inndeling på Opplanda og i Trøndelag, i samanheng med tilsvarande svensk skipnad, er uvisst. Frå nyaste tida er mange hytte- og villanamn på bu (→ bu 2).
Litt.: KLNM II sp. 25-29 med litteraturtilvisingar. NG Indl s. 46 og dei ymse fylkesbanda. JS
  
NG:
gno. n. (Gen. bús), Gaard, beboet Jordbrug. Mest i sms. Navne. Anvendt som 1ste Led har det vistnok ofte en anden Betydning: Kreaturbesætningen paa en Gaard. Meget brugt som 2det Led i tildels endnu bevarede Bygdenavne, i hvilke det vistnok er at forstaa: «beboet Strøg». Saaledes Austbú, Riðabú, Svaðbú (Hedemarken); Skaðabú, Ringabú, Foldabú (Gudbrandsdalen); Kolabú (Toten); Brandabú (Hadeland); Sollabú eller Sollubú, Volubú (Valdres); Andabú (Jarlsberg); Rennabú, Kleppabú, Selabú (S. Trondhjems Amt); Sparabú, Bagabú (Indherred). I det Trondhjemske er bú som 2det Led nu tildels gaaet over til Hunkjøn (-bua) baade i Bygde- og Gaardnavne. I mange Tilfælde er det, naar blot nyere Former af Navnene haves, umuligt at adskille fra búðbu 2
Norsk stadnamnleksikon 1997/Norske Gaardnavne Indl norsk