Grunnord

Grunnord Forklaring Kjelde Engelsk definisjon Språk
elv
elv f ‘vasslaup’, gno. elfr f. Etymologisk fører ein vanleg elv saman med latin albus ‘kvit’ (jfr. det tyske elvenamnet Elben), og tydinga skulle da vera ‘den kvitglinsande åa’. I målføra kan utt. av vokalen variere mellom [e], ], [a] og labialiserte former med [å]. Dette har sjeldan gjeve seg utslag i skrift, → Alvdal.
   I gno. vart elv berre brukt om dei tre store elvane Raumelfr (nedre del av Glåma), Gautelfr (Göta älv) og Saxelfr (Elben). Sist i mellomalderen byrja elv å trengje ut → å f, slik at i dag er elv den vanlege nemninga for litt større vasslaup. På størstedelen av Vestlandet og nordafjells er å heilt avløyst av elv og finst no berre i stadnamn. Samstundes har tydinga av elv på Nord-Vestlandet og på Trøndelagskysten endra seg slik at ein i dag kan nytte nemninga elv om små vasslaup, bekker. Årsaka er truleg - ved sida av naturforholda - at → bekk m i dette området har hatt ei tyding ‘brunn’.
   Usms. og som sisteledd blir grunnordet elv i Sør-Noreg primært nytta i naturnamn. Her finst berre tre-fire gardsnamn av typen → Skotselv. I Nord-Noreg finst bortimot hundre slike namn, men dei har alle eit yngre preg, og kjem seint med i kjeldene. Brukt som kommunenamn finst sms. elvenamn nokre gonger: → Lakselv, → Målselv, → Trysil. Etter 1964 har også fleire usm. elvenamn vorte kommunenamn: → Rauma og → Tokke. Den gamle genitivsforma er halden i → Elverum. Førsteleddet i naturnamna på -elv er svært varierte (sjå artikkelen «Elvenamn»).
Litt.: S. Bugge i ANF 1885 s. 209-11. OS
Norsk stadnamnleksikon 1997 river, stream norsk