Grunnord

Grunnord Forklaring Kjelde Engelsk definisjon Språk
kvam
NSL:
kvam m, gno. hvammr (gen. hvamms, dat. hvammi, fleirt. hvammar). Tydinga av gno. hvammr er noko usikker. I gammalislandsk ser det ut til at hvammr tyder ‘liten dal’. I nyno. dialektar har kvam etter Aasen tydinga «en Afkrog, en Dal eller Vig, som er omgivet af høie Bakker, så at man ikke kan see den i nogen Frastand». O. Rygh reknar med ei liknande tyding i norske gardsnamn med grunnordet kvam. For å avgjera dette krevst topografisk gransking av dei aktuelle gardane. I Trøndelags-fylka ser Ryghs forklaring ikkje ut til å vera heilt rett. Dei geografiske tilhøva peikar her i retning av ‘stad der eit hovuddalføre knip seg i hop (eller, sett andre vegen: opnar seg).’ (Sjå J. Sandnes i NN 1985 s. 29-41).
   Ved sida av Kvam, Kvammen, vanleg utt. [kvam´men, kva:´men], Kvamme [kvam`me, kva:`me] (dat. eint.), Kvamman (b. fleirt.), finn ein i dag former som Hvam [vamm] og Gvam på Austlandet i dei stroka der gno. hv har vorte til v eller gv, og Hom [ho:m, håmm] frå Vest-Telemark i aust til Dalane i vest.
   Grunnordet kvam er brukt usms. i kring 70-80 norske gardsnamn, dessutan i mange sms. Mest vanleg er det på Vestlandet. Det er elles mykje utbreidd på lsland og finst også i dei norrøne bygdene i Skottland (skotsk dial. wham, quham). Etter dette kan ein rekne med at namneklassen var sterkt produktiv i vikingtida. Men da appellativet i somme strok har levd fram til i dag, har ein dårleg grunnlag for datering. JS ¤
 
NG:
gno. hvammr m. (Gen. hvamms, Dat. hvammi, Flt. hvammar) bruges endnu på flere Steder i Betydning ’kort Dal eller Sænkning, omgivet af Høider, dog således, at der til en af Siderne er Åbning’. Samme Mening har Ordet sikkert i de talrige deraf dannede, for det meste meget gamle Gårdnavne. Nutidsformer Hvamm, Gvamm, Kvamm, Kvam med lang Vokal, Kvåm, Kvabm (de sidste 3 Former mest eller udelukkende brugte på Vestlandet, den sidste alene i Nordhordland), Hom med lang, lukt Vokal, Homm med åben Vokal (disse Former i Strøget fra Vest-Telemarken til Dalene).
Norsk stadnamnleksikon 1997/Norske Gaardnavne Indl valley norsk