Grunnord

Grunnord Forklaring Kjelde Engelsk definisjon Språk
lykkje
NSL:
lykkje f, gno. lykkja f ‘inngjerdt jordstykke’, laga til lúka vb ‘lukke’. Svært vanleg i gardsnamn på Austlandet og i Trøndelag, mest i b. eint. Lykkja, Løkkja, Løkka og sms. -lykkja, -løkkja, -løkka. Ub. form er sjeldan: Løkke. Nokre få av desse gardsnamna er nemnde i kjelder frå mellomalderen. Dei aller fleste er frå etter reformasjonen. I plassnamn er lykkje svært ofte nytta som grunnord, i Gudbrandsdalen er det såleis «kanskje det mest utbreidde av alle plassnamn». Noko liknande gjeld i S-Trl. I lykkjene kunne det i mellomalderen vera åker, hage eller eng. Byane hadde sine lykkjer, og det har gjeve utgangspunktet for den nyare bruken av løkke om opne, ubygde plassar i ein by, særleg utbreidd i Oslo, t.d. → Grünerløkka, Tullinløkka.
Litt.: NG Indl s. 66 og dei ymse fylkesbanda. E. Hovdhaugen i «Norveg» 8, 1961, s. 188. Sandnes 1968 s. 53-55. JS
 
NG:
gno. lykkja f. (Gen. lykkju, Flt. lykkjur) ’Løkke, indhegnet Jordstykke’. I dets Brug i Navne er det sikkert overalt at forstå således, ikke i Betydningen 'Bugt, Bugtning'. De fleste af de herhen hørende Navne synes at være fra senere Tid.
 
Norsk stadnamnleksikon 1997Norske Gaardnavne Indl enclosed field norsk