Grunnord

Grunnord Forklaring Kjelde Engelsk definisjon Språk
å
å f, gno. á (gen. ár) ‘elv’. Er opphavleg same ordet som latin aqua og med same grunntyding ‘vatn’. I gno. var á den vanlege nemninga for elv, og vi kan av stadnamna sjå at grunnordet må ha vore mykje utbreidd i heile landet. I dag er å som levande appellativ avgrensa til Salten, Helgeland, Hardanger, Rogaland, indre delar av Sørlandet og Austlandet (ikkje Toten). I store delar av Nordland har ein målføreforma åg ub. eint., framvaksen frå b. form. Valdres, Hallingdal og Agder har ån med fastvaksen artikkel (b. eint. heiter åne, åna, ånå), Hardanger har ao og Østfold o. Fleirtalsformer er vanleg analogisk åer ub. form (gno. ár), men Ryfylke, Nord-Gudbrandsdalen, Telemark og Agder har analogisk omlydd form æ(-ar, -r), sjå nærare Beito 1941.
   I naturnamn finst å som sisteledd i alle landsdelar sør for Finnmark: → Røssåga, Tovdalsåna. Grunnordet er òg svært vanleg i gards- og bygdenamn, t.d. usms. Å som er nokså vanleg og År (fleirt.), Foldereid, N-Trl. Åm er dat. fleirt. Like eins finst det ofte som sisteledd: Storo, Lillo (Oslo). Vanleg i førsteledd i forma Å-/O- eller År-/Åd- (gen. eint.): Åmot, Odal, Årnes, Årland/Ådland. OS
 
 
NG:
gno. á f. (Gen. og Flt. ár) 'å'. Er det gamle norske Ord for «elv», endnu brugt således i en stor Del af Landet. Elv (elfr) brugtes i det gamle Sprog kun om enkelte meget store Elve (indenfor Norges daværende Grændser om Glommen og Gøtaelven, Raumelfr og Gautelfr); først mod Slutningen af MA. begyndte man at kalde også mindre betydelige Elve elfr. Gammel
Sideform ó, endnu bevaret i adskillige Stedsnavne. I Nordland nu udtalt Åg, men alm. ikke skrevet således. Som sidste Led i Navne tildels afkortet til -a, mest i Nordland. Findes sms. med vin og heimr (Æn, Œn; Áeimr).
 
Norsk stadnamnleksikon 1997/Norske Gaardnavne Indl stream, river norsk