Grunnord

Grunnord Forklaring Kjelde Engelsk definisjon Språk
åker
NSL:
av gno. akr og ákr m, ‘dyrka jord’. Vanleg grunnord i bustadnamn (og teignamn) over heile landet. I bustadnamn brukt i bunden eller ub. form, i eint. og fleirt. (→ Åkra), oftast sms., men òg usms. (→ Aker). Som sisteledd finst ofte r-lause former, -åk(k) og -ak(k), såleis → Kallak (Østf) og → Berkåk (S-Trl).
   I norske bustadnamn tyder ordet ‘dyrka jord’. I dei eldste danske namna finst truleg ei opphavlegare tyding ‘beite’. Om ei slik tyding ligg til grunn for norske åker-namn, veit vi ikkje. Teignamn har den noverande tydinga ‘åker’. I nokre bustadnamn er åker sms. med gudenamn (Frøy, Njord, Odin, Ullin), → Ullensaker. Dette fortel truleg om kultdyrking på åkrar.  
   Bustadnamn med grunnordet åker kan ikkje tidfestast til nokon bestemt periode, men dei eldste er rimelegvis eldre enn vikingtida. Førsteleddet i sms. fortel ofte om lende eller jordsmonn (Ås-, Dal-, Sand-, Øyr-), bruksforhold og kvalitet (→ Greåker, Kaldåker, Veikåker). Sjeldan er førsteleddet eit personnamn, sikre døme er Råsåk i Fet og Lefsåker i Våle, som inneheld mannsnamna Roald og Leiv.
Litt.: Hald 1965 s. 99-101. Kr. Hald og P. Hovda i KLNM I sp. 54-58. NG Indl s. 41 og fylkesbanda av NG. T. Schmidt i Bebyggelser og bebyggelsesnavnes alder, NORNAs niende symposium i København 25-27 okt. 1982, (NORNA-rapporter 26) s. 67-93. KA¤
 
 NG:
gno. akr m. (Gen. akrs, Dat. akri, Flt. akrar) 'Ager'. I Navne nu, ligesom i Ordets Brug som Fællesord, næsten overalt udt. åker. Som andet Led i Navne ofte afkortet til -åk, -åkk, -ak, -akk. Når da første Led ender med r, er det vanskeligt at adskille fra det gamle Ord rák n. 'Græsgang, hvorpå kvæg drives, eller Kvægvei' (af reka, drive).
 
Norsk stadnamnleksikon 1997/Norske Gaardnavne Indl norsk