Grunnord

Grunnord Forklaring Kjelde Engelsk definisjon Språk
bøle
norr. bœli n ‘opphaldsstad, bustad, gard’, ei ia-avleiing av gno. ból n, som har om lag same tyding. Finst i mange norske gardsnamn, usms. Bøle, Bøler (fleirt., med vanleg overgang til f) og som sisteledd i mange sms. namn. I alt er det vel 30 usms. Bøle(r) og vel 100 sms. -bøle, stort sett samla i dei austre Austlandsfylka, Østf, Akersh, Hedm og Oppl. Utafor dette området finst berre heilt spreidde namn. Bøle-området i Noreg har geografisk samanheng med vestsvenske bygder der namnetypen er vanleg. Også i andre delar av Sverige, såleis i det tidlegare norske Jämtland, og i Danmark, er det mange slike gardsnamn.
Dei fleste norske gardsnamna av denne typen er frå vikingtid og - kanskje særleg - kristen mellomalder til kring 1350. Mange er nemnde i austlandske mellomalderkjelder. Av dei eldste er truleg dei usms. Bøle(r) og sms. namn som → Hobøl (soknenamn). Førsteleddet i sms. namn er elles mest personnamn.
   Nokre få norske seternamn på -bøle har truleg beinveges samanheng med nyno. dial. seterbøle n ‘seterplass med tilhøyrande hus rekna som eigedom’.
Litt.: Beito 1949 s. 132. KLNM II sp. 496-99. NG Indl s. 46 og fylkesbanda. NK V s. 101-03 og 155. JS
 
NG:
gno. bœli n. (Gen bœlis, Flt. i Gårdnavne bœlir f.) 'Opholdssted, Bolig', ligebetydende med ból, hvoraf det er afledet. Enkelte af de Navne, hvori det findes, lade dog til at være udgåede fra en anden Betydning 'Opholdssted for Dyr' (Rede og lign.); således har man vistnok at forklare Krákubœli (Kråbøl), Haukabœli (Haukebøl), Rafnabœli (Rambøl). Ellers mest sms. med Personnavne og, mindre hyppigt, med Ord, som have Hensyn til Gårdens Beliggenhed og lignende Forhold. Som sidste Led oftest afkortet til -bøl (i Udtalen tildels endnu stærkere, til -bel).
 
 
Norsk stadnamnleksikon 1997/Norske Gaardnavne Indl norsk