Grunnord

Grunnord Forklaring Kjelde Engelsk definisjon Språk
land
NSL:
gno. land. Som sisteledd i landskapsnamn er det nytta i Hålogaland (gno. → Hálogaland), →Hordaland (Hǫrðaland), → Rogaland, → Grenland, → Hadeland (Haðaland) og → Oppland (Upplǫnd, fleirt.). Usms. form → Land omfattar områda ved nordenden av Randsfjorden. I slike namn tyder -land ‘landskap, landområde’, og kanskje ‘folkland, rike’ i dei namna som har eit folkenamn som førsteledd. Dei sistnemnde er sette i samband med flytting av folkestammer i folkevandringstida, men denne oppfatninga er noko omstridd. Landskapsnamn på -land er elles mykje brukt i Sverige, jf. Uppland, Småland, Södermanland, Västmanland, Värmland, Västergötland, Östergötland. Også der er innbyggjarnamn mest vanleg som førsteledd. Danmark har Jylland.
   I øynamn som det svenske Gotland og dei danske Lolland og Langeland er det noko uvisst om sisteleddet tyder ‘landskap, område’ eller ‘øy’. Det svenske Öland går attende på eit sms. app. med tyding ‘øy’, sms. av øy f. og land n. Bruken av ordet land som sisteledd i øynamn og andre skjergardsnamn, oftast i bunden form -landet, har bakgrunn i tydinga ‘fast land (i motsetnad til vatn), strand’. Stundom er -landet lagt til eit eldre namn, gjerne eit øynamn, jf. ® Hareidlandet, → Gomalandet, → Mindlandet. Det er òg ofte brukt om område som ligg ned til vatn (sjøen, ei elv eller ein innsjø).
  I Noreg er det om lag 2000 gardsnamn med endinga -land. I tillegg kjem ein god del tapte gardsnamn som no har funksjon som teignamn, dessutan ca. 100 stølsnamn, av dei mange tidlegare gardsnamn. Sverige har ca. 300 gardsnamn (bynamn) med endinga -landa (fleirtal) eller -land. I eit sørleg kjerneområde, som omfattar Sørvest-Sverige, er endinga -landa mest vanleg, medan -land dominerer i det nordlege kjerneområdet (Norrland). Danmark vantar gamle gardsnamn på -land. På Island er det om lag 80 gardsnamn med endinga -land eller i usms. form Land eller Lönd (fleirt.), dei fleste på Nord-Island. Nokre av dei er yngre lagingar som ikkje har motsvar i norske namn av denne typen, t.d. Krossaland, Kirkjuland, Framland. Andre er identiske med norske land-namn: Kelduland, Helluland, Brattland. Det finst òg gardsnamn på -land med norrønt opphav på Shetland (ca. 75) og Orknøyane (ca. 35), dessutan på øya Man og i Skottland (særleg i Caithness), dessutan nokre få i Nordvest-England. Mange av dei er identiske med norske gardsnamn, jf. Houlland som førekjem minst 16 stader på Shetland, og Holland minst 10 stader på Orknøyane, båe sms. med gno. hár adj. ‘høg’, og med motsvar i det vanlege norske Håland (også Holand).
   Dei norske gardsnamna på -land har tyngdepunktet i området Telemark-Hordaland, der ein finn ca. 80 % av namna. V-Agd og Rog har nær på halvparten av dei norske land-namna. I dette området finst òg mange tapte gardsnamn på -land, truleg meir enn 100 berre i Sør-Rog. I somme bygder i V-Agd og Sør-Rog har nær på halvparten av dei gamle gardsnamna endinga -land. Hordaland har meir enn 300 land-namn, A-Agd nær på 200 og Tel om lag 140. Elles har SogFj ca. 90 og Nordl ca. 80. Ingen andre fylke har over 50 namn. Dei fleste stølsnamna på -land finn ein i området Tel-Agd.
   I Noreg er det om lag 20 usms. gardsnamn med ordet land, i somme høve opphavleg eintalsform, gno. Land, men oftast fleirtalsform, gno. *Landir, no Lande eller Landa (av gen.forma; også i Sverige finn ein usms. Landa-namn, om lag 15. stk). Dei aller fleste sms. gardsnamna på -land er i kjelder frå mellomalderen førte opp i eintal, men også fleirtal førekjem, gno. -landir, særleg i Østfold og Akershus, der denne bruken vel har samanheng med svenske landa-namn.
   Fleire svenske forskarar (Hj. Lindroth o.a.) har rekna med at sisteleddet i svenske gardsnamn på -land(a) opphavleg tyder ‘mark som ligg ned mot vatn’. Dei legg vekt på at mange av gardane ligg ned mot ei elv eller ein innsjø, dessutan at fleire av namna har eit elve- eller innsjønamn som førsteledd. Andre (J. Sahlgren, H. Karlsson m. fl.) meiner at tydinga er ‘åker, dyrkbar mark’. Blant norske forskarar har det vore semje om klar agrar bakgrunn for sisteleddet i gardsnamn på -land, og ei tyding ‘mark, jord, jordstykke’ o.l.  
   Dei fleste sms. gardsnamna på -land har eit førsteledd som skildrar terrenget, jf. Dysja- (gno. dys f ‘(grav)haug’), Foss(e)-, Fors- og → Fot- (foss m), Nes- og → Net- (nes n), Haug-, → Hel(le)-, Skor-, Ås- (ås m). Også nemne for jordgrunn er vanleg: Grøda- (gno. grjót n ‘stein’), Myr- og → Myd- (myr f.), Sand-. Ofte er førsteleddet eit adj. som skildrar storleik, form eller leie, jf. Møg-, Myg- og → Myk- (gno. mikill ‘stor’), Lit(la)- og Lit(le)-, → Bratt-, Lange- og Langa-, Mjå- (‘smal’), → Hå- og → Ho- (gno. hár, hór ‘høg’). Ei stor gruppe er sms. med eit plantenamn, særleg nøytrale kollektivavleiingar til trenamn er vanleg, jf. → Eige- (gno. eiki n ‘eikeskog, område med eik’), → Birke- og Byrkje- (gno. birki n ‘bjørk’), → Espi- (gno. espi n ‘osp’), → Het- (gno. hesli n ‘hassel’). Fleire førsteledd i dei sørnorske land-namna har bakgrunn i jordbruk, jf. → Bygg-, Rug-, Enge-, → Fidje- (gno. fit f ‘grasrik eng’), → Høy-, Lauv-, → Lø- (‘løe’). Også nemne for husdyr stadfester den agrare tilknytinga til denne namneklassen, som Svin-, → Ross(a)- og Rosse- (gno. (h)ross n ‘hest’), Naut-, Kyd- (gno. kýr f ‘ku’, truleg med bakgrunn i eit eldre verdimål). I det nordafjelske, og særleg i Nord-Noreg, er derimot førsteledda i særleg grad naturskildrande. Om lag 100 land-namn synest ha eit nemne for personar som førsteledd, anten eit personnamn, som Grims-, Leips- (Leif), Øysteins-, eller ei personnemning: Smed- (smed m). Ca. 140 namn er sms. med eit naturnamn, oftast eit elve- eller innsjønamn: Kråge-, → Fins-, Fint-, Vorme-, Epte- (→ Økteren).
   I meir enn 120 gardsnamn på -land er førsteleddet oppfatta som eit minne om tidlegare (heiden) kult, t.d. i Nær- (Njord), Frøy- (Frøya), Frøys- (Frøy), Os- (Odin), → Tot- (Tor), Ulla-, Ulle- (Ull), dessutan i Hel(ge)- og Helga- (heilag adj.) og Hov- (hov n). Ingen annan gardsnamnklasse har så mange moglege minne om førkristen kult. Men slike tolkingar er noko omstridde, og for fleire av desse namna synest andre tolkingar meir rimelege.
   Det synest vera eit visst samsvar mellom land-namn på Sørlandet og Sørvestlandet og vin-namn lenger aust og nord i landet, både når det gjeld lagingsmåte og mogleg opphavleg funksjon som teignamn, jf. gno. Breiðaland-Breiðin, Brattaland-Brettin, Frøysland-Frøysin, Hofland-Hofin, Leikland-Leikin, Rugland-Rygin. Bygder med mange namn av ein av desse to namneklassane har gjerne få namn av den andre. Også når det gjeld land- og set-namn, synest det vera ei viss utjamning; namna på -set finst hovudsakleg nordanfor området med mange land-namn.
   Av dei ca. 2000 gardane med land-namn har 35 vorte kyrkjestad i mellomalderen (av dei 30 i stroket Tel-Hord), og gardsnamnet har seinare vorte bygde- og heradsnamn, → Aur-, → Bjell-, → Het-, → Hæge-, → Mo-. Prosentvis har ei større gruppe av vin-, heim- og stad-gardane vorte kyrkjegard. Undersøkingar frå Sør-Rogaland viser at land-gardar i gjennomsnitt har hatt lågare landskyld i mellomalderen enn vin-, heim- og stad-gardar, og at fleire land-gardar låg øyde etter svartedauden enn gardar av dei tre andre namneklassane. Elles viser gransking av leiet at mange land-gardar synest vera sekundære i høve til andre eldre gardar, noko som stundom går fram av førsteleddet, jf. Skretting-, Val(le)- og Bjår- som må vera skilde ut frå grannegardane Skretting, Voll og Bø, dessutan → Aug-, Øk- (båe sms. med auka vb., altså ‘tilleggsjord’), → Me-, Mæ- (ofte sms. med gno meðal ‘mellom’, ‘mellomliggjande jord’). Området som land-namnet omfattar, kan ha vorte nytta som teig under ein meir sentral gard før det vart busetjing på denne staden. Fleire namn på -land kan såleis vera opphavlege teignamn.
   Arkeologiske undersøkingar (J. Petersen m.fl.) på ei rekkje øydegardstufter med namn på -land i Sør-Rogaland tyder på at slike stader fekk busetjing under ein ekspansjonsperiode i jordbruket i romersk jarnalder, ca. år 200-550 e.Kr. etter dei siste dateringane. Slike øydegardar var utkantgardar som viser kor langt gardsryddinga nådde. I meir sentrale busetnadsområde vart det i denne perioden grunnlagt gardar med land-namn mellom dei gamle gardane. Denne ekspansjonen hadde nær samanheng med bruken av jarn til produksjon av reiskapar. Mange av utkantgardane vart fråflytte under ein kriseperiode i jordbruket rundt år 550-650 e.Kr. H. Gjessing har på liknande måte sett land-namn i Agder-bygdene i samband med ein ekspansjon i jordbruksbusetnaden som han tidfester til 400-600 e.Kr. Namngjevinga på vesthavsøyane, m.a. Shetland og Orknøyane, viser at denne namneklassen var produktiv i vikingtida. Ein må difor rekna med at mange gardsnamn på -land går attende til den ekspansjonsperioden som her i landet tok til i siste delen av 600-talet. Ettersom det ikkje finst minne om kristen kultur i dei norske land-namna, reknar ein med at det her i landet ikkje er laga slike namn i nemnande grad etter år 1000.
   A. Steinnes meiner at usms. Landir-namn har vore knytte til gamle kongsgardar, nytta som læger for hirdfolk. Det er noko uvisst, men slike gardar synest ofte liggja opp til heilt sentrale gardar, gjerne maktsenter i bygdelaga. I fleire høve er det arkeologisk dokumentasjon frå bronsealderen på slike stader. Nokre Landir-namn kan såleis vera laga før Kr.f., kanskje alt i bronsealderen.
 Litt.: T. Bakka og O. Møllerop i Stavanger Museums Årbok 1963 s. 21-30. O. T. Beito 1949 s. 173-75. H. Gjessing i Norske Bygder II, V-Agd 1, s. 61-65. P. Hovda m. fl. i KLNM X sp. 193-201. M. Olsen 1926 s. 106-35, 1971 s. 46-48. J. Petersen 1933. O. Rygh i NG Indl. s. 63-64. A. Steinnes 1955. I. Særheim i NONELex (1992). Ætt og heim 1993 s. 19-58 (med fleire litteraturtilvisingar). IS
  
NG:
gno. land n. (Gen. lands, Dat. landi, Flt. i Gårdnavne landir f.) ’Land’. Findes kun undtagelsesvis usms. som Navn, i et enkelt Tilfælde (Land ved Nordenden af Randsfjorden) som Bygdenavn. Så meget almindeligere er det som andet Led, især i Strøget fra Bratsberg til S. Bergenhus Amt, på hvilken Landsdel omtr. 80 % af Navnene på -land falder; det samlede Antal er ikke langt fra 2000.). Også i N. Bergenhus Amt og i Nordland ere disse Navne ret hyppige. I det øvrige Land er der forholdsvis kun få, allerfærrest i Oplandsdistrikterne på Østlandet. (Jvfr. hermed, hvad der nedenfor vil blive anført om Udbredelsen af de med staðir sammensatte Navne.
   Der findes endel sådanne Navne i de af Nordmænd i Vikingetiden stiftede Kolonier i Vesten. Også på Island er der adskillige af dem, men de allerfleste af disse synes at være nyere Dannelser, der ikke have nogen indre Sammenhæng med de tilsvarende norske. Idethele kan man vel antage, at Navne på -land for en meget stor Del tilhøre Vikingetiden og nå et Stykke op i den forudgående Tid, dog sikkert ikke på meget nær så langt,
som f. Ex. de på -vin og -heimr. Det må dog mærkes, at der utvivlsomt også blandt de norske Navne af denne Klasse er endel forholdsvis nye.
   Første Led i Sammensætningerne med land er oftest Ord, der hentyde til Beliggenheden, Grnndens Beskaffenhed osv. (meget alm. Ord af Adjektivform, f. Ex. Håland, Holand, Breiland, Langeland); dernæst hyppigst Personers Navne og Tilnavne. Jevnlig forekomme også Elvenavne og Træ- eller Plantenavne. Af Sammensætninger med Trænavne er der ikke så særdeles mange; men flere af disse forekomme meget hyppigt, således Eikiland, Birkiland, Espiland, Hesliland (nu Hetland, se under hasl), Fyriland, Heggland, Almland (nu alm. Åmland). I ikke få Tilfælde er første Led Navn på et Husdyr (hyppigst Rossaland, Kalfaland, Svinland); forholdsvis ret ofte er det også et Gudenavn eller et Ord, som vidner om, at
Gården har stået i noget Forhold til den hedenske Gudsdyrkelse. Det oftest forekommende Navn af den sidste Art er Hofland (Hovland, se hof); til den første hører Þórsland (udelukkende på Vestlandet og der nu udt. Totland), Óðinsland, Frøysland, Frøyland, Njarðarland, Ullarland.
 
Norsk stadnamleksikon 1997/Norske Gaardnavne Indl land norsk