Grunnord

Grunnord Forklaring Kjelde Engelsk definisjon Språk
lo
NSL:
gno. * f, fleirt. *lóar, er eit ord som i dag berre lever i stadnamn og som også i gno. finst einast i namn. Færøysk har ordet i forma lón f ‘engslette ved vatn’, og liknande tyding synest gno. * å ha hatt. Det engelske dialektordet loo ‘open plass’ er lånt frå gno. Motsvarande vestgermanske former er gammalengelsk lēah m./f. ‘eng(stykke)’, engelsk lea, jf. namn som Oakley, mellomnedertysk (h) n. ‘skogholt, kratt’, mellomnederlandsk loo n./f. ‘lund, holt; skogeng’, nederlandsk loo i namn som Berkeloo og Eekloo, gammalhøgtysk lōh m. og tysk Loh m. ‘holt, kratt’ i namn som Gütersloh. Formene går tilbake på germansk *lauha- m./n. og *lauhō- f. ‘lysning, glenne, opning’, ‘(eng)slette’ (i nordgermansk) el. ‘lund, holt’ ved metonymi om det som veks ikring ‘opninga’ (i vestgermansk). Den indoeuropeiske rota er *lewk- ‘lysa’, sjå lys1 i Bjorvand og Lindeman s. 693. Som vi ser ligg substantivet føre med alle tre genera i de germanske språkene, og det nøytrale og feminine kjønnet kan ha opphav i (kollektiv) plural.
    Grunnordet er ujamt spreidd utover i landet. Som sisteledd finst det i knapt 50 (opphavlege) gardsnamn, vanlegvis i ub. eint. -lo, men i Trøndelag oftast i b. eint. [-loa] (t.d. Follo, Kvello, Ravlo), i S-Trl òg med (mekanisk påhengd) maskulin b. eint. [-lo:n] (t.d. Langlo, Ramlo). Den geografiske spreiinga er merkeleg. Største konsentrasjonane med *lo som sisteledd er Innherad, N-Trl (12 namn), indre Nordfjord (8), indre Sogn (6), elles er namna spreidde. Busk (1), Oslo, Hedm (2), Oppl (6). Grunnordet vantar heilt i Østf, Vestf, A-Agd, V-Agd, Rog, Nordl, Troms, Finnm. Førsteleddet er ofte uvisst, men skildrar stundom lendetilhøve (Lang-, Skin-, kanskje om jord som tørkar ut), det kan innehalde dyrenamn (Bjør, → Hafs-, Ram-, Ver-), vassnemne (Log-, Å-), trenemne (→ Byrkje-, Næver-, Tak-) o.a. Førsteleddet i → Os- er visstnok ass ‘heidensk gud’. Derimot er førsteleddet aldri personnamn.
    Som førsteledd i sms. finst *lo i berre to namn Løno og Løn i Voss komm, Hord, dvs. sms. med → vin. Usms. kjenner vi grunnordet i 14 stadnamn: 5 i Oppl (2 i Nord-Gudbrandsdal og 3 i Valdres), 2 i nedre Busk, 2 i indre Sogn, 1 (Loi b. eint., yngre) i Tel, 2 i S-Trl (usikre) og 3 i N-Trl (Innherad). Dei usms. *lo-namna har alle ub. eint. med unntak av to som har b. eint. og → Lom i Oppl (gno. dat. fleirt.) og det bortkomne «Loom» i indre Sogn.
    Namn laga med *lo er oftast gamle, dei eldste er nok halvtanna tusen år gamle, dvs. frå urnordisk tid, men nokre synest òg å vera langt yngre, frå (sein) gno. eller mellomnorsk tid.
     Eit par andre grunnord, gno. f ‘strandvatn’ og gno. *sló f truleg ‘sump, myrområde’ (jfr. gammalengelsk slōh f, m ‘sump, søle’), er i NG freista fråskilde frå *lo. Det merkelege er spreiinga av og sló. finst ujamt spreidd i Sør-Noreg, med nordgrensa i S-Gudbrandsdal på Austlandet og Nordfjord på Vestlandet. Av dei 28 namna med som sisteledd, finst i alt 14 på Austlandet: 3 i Hedm (same området som *lo), 3 i Oppl (S-Gudbrandsdal), 3 i Busk (same området som *lo), 3 i Vestf, A-Agd har 2 og det har også V-Agd (deriblant → Vennesla), resten, 10 namn, finn vi i SogFj, og av dei ligg 9 i indre Sogn. Som førsteledd finst 2 gonger (Busk) og usms. 1 gong (Busk). - Den tidlegare skiljinga mellom og *lo i stadnamn synest såleis noko utrygg. *Sló f kjenner vi berre (etter tradisjonen) som sisteledd, i 7 namn, som alle ligg i Trøndelag, med 3 i S-Trl og 4 i N-Trl (Innherad). Derimot ser f ut til å mangle her. Tilhøvet mellom *, og *sló er problematisk.
Litt.: Arnesen 1865 s. 3-42. H. Bjorvand 1994 s. 137–38. Ekre 1960 s. 146-48. O. Rygh, Fr. Läffler og S. Bugge i ANF 7 (1891) s. 244-64. O. Rygh i NG Indl s. 63, 66 og 76., O. Rygh i ANF 7 (1891) s. 244–256. ON, HB
 
NG:
gno. f. (Gen. og Flt. Ióar) angives nu i Norge på enkelte Steder at være brugt om lavtliggende Engsletter ved en Vandbred og i lign. Betydning (se Aasen og Ross). Findes i mange gamle Navne, usms. og som andet Led, hyppigst nordenfjelds. De mest bekjendte Exempler, ere Bygdenavnet Lóar, nu Lom, i Gudbrandsdalen og Osló (opr. vistnok Ásló). På mange af de Steder, hvor Navnet forekommer, synes den angivne Betydning ikke at passe; til nogen sikker Mening om Ordets Betydning i Navne er man endnu ikke nået. Jfr. og sló, med hvilke Ord det kan forvexles.
Norsk stadnamnleksikon 1997/Norske Gaardnavne Indl norsk