Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom Og Eller Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom http://www.norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=8f53b1ae295644d4bfbbb3dea8d380b1Søkingen gav 2 treff Heilhornet, fjell. Bindal. Nordland. [heil2hån9n9e] [heil2hå¤Ne] Namnet må ha samanheng med garden Heil (Storheil) i Bindal, kanskje da slik som S. Bugge har tenkt seg (NG XVI s. 3) at Heil her opphavleg er fjellnamn. Språkleg må ein vel setje det til norr. heill n og f ‘lykke, godt varsel’. Heilhornet (Storhornet og to-tre mindre «horn» med namnet H.) er eit vidt synleg og velkjent seglmerke. H. i Roan kan ha same forklaring. Der finst ikkje nokon gard å setje namnet i samanheng med. JS Førsteledd: norr. heill ‘lykke, godt varsel’? Sisteledd: horn Heilhornet, fjell. Roan. Trøndelag. [heil2hå¤Ne] Namnet kan ha samme forklaring som → Heilhornet i Bindal. Her må det vere opphavleg fjellnamn, det finst ikkje nokon gard å setje namnet i samanheng med. JS Førsteledd: norr. heill ‘lykke, godt varsel’? Sisteledd: horn